Utdanningsmessa var suksess
Ordsmeden Mari Hansen

 

Utdanningsmessa var suksess

Av Mari Svartveit Hansen

 

Det var fullt av skodelystne ungdommar på yrkes og utdanningsmessa i Tyssohallen på torsdag denne veka.

 

Tyssohallen var omskapt til ein messehall, full av stand frå ulike bedrifter, heile 550 elevar var innom . Her var alle tiende- klassingar frå Odda, Jondal, Eidfjord og Ulvik. Til slutt kom vidaregåande elevar frå Odda.

 

Elevane Aurora Aarhus Opheim, Margit Kvalvik, og Eirin Tjoflot, imponerte med musikalske innslag . Dei sel kulturinnslag, som bedrift gjennom ungt entreprenørskap.

 

Svært nøgde

 

- Her var ca. 100 utstillarar, som representerte 42 stand, seier May Søfteland, ho er prosjektleiar gjennom Næringshagen i Odda.

 

Ho hadde ein særs travel dag, og såg til at det meste gjekk rett for seg.

 

Er de nøgde med arrangementet?

 

- Ja, vi er veldig nøgde med yrkes og utdanningsmessa også dette året. Fleire nye bedrifter kjem til kvart år, som er kjempepositivt. Vi får positive tilbakemeldingar frå både næringsliv og elevane i regionen.Jondal stilte dette året opp med både elevar og ordfører. Jondal skule deltok for fyrste gong på messa. No er Jondalstunellen open og kort reisetid også for skulen i Jondal til å komme å besøke yrkes- og utdanningsmessa i Tyssedal, seier May Søfteland.

 

Usikker på yrkesval, men vil bu i Odda

 

Smb-odda.no møtte på ein fin gutegjeng frå Odda. Håvard (15), Gitle (15), Adrian (15) og Espen (15)

 

Dei har framleis ikkje bestemt seg for kva dei skal velje. Men dei synest utdanningsmessa er ganske spennande.

 

-Det er mange yrker, og vi får vite meir kva dei inneberer, svarer dei oss.

 

Kan de tenkja dykk å vera att i Odda?

 

-Ja, vi kan tenke oss å jobbe her, fordi vi har vekse opp her, seier dei.

 

Det viktigaste kriteriet når dei vel yrke, er at det er kjekt.

 

Anleggssimulator freista

 

OKAB – Opplæringskontoret for anleggsmaskiner og bergfag har stand på messa for fyrste gong i år. Representant Geir Boge, er svært nøgd med arrangementet. Han likar godt at elevane har med spørjeark. Han er svært opptatt av å avkrefte at det er vanskeleg å få lærlingeplass i faget. Dei har hatt lærlingar blant anna hjå Odda kommune og Brødr. Kråkevik.

 

- Anleggsbransjen går som det suser, seier Boge.

 

På standen har han med seg ein anleggsmaskinsimulator. Den er særs populær hjå gutane og er aldri ledig.

 

Sondre (15) har prøvd den, og er ganske fornøyd. Sjølv om han trur at det er lettare å køyre ekte. Noko han ynskjer, fordi han trur det er kjekt.

 

Hadde flaks

 

Etne vidaregåande skule er også på messa for fyrste gong.

 

-Eg fekk plutseleg høyra om messa, og ringte på tysdag, og fekk heldigvis delta, seier Siri Stenberg, som er rådgjevar ved skulen.

 

-Mange virkar interessert i skulen, og me har ofte elevar frå Odda. Teknikk og industriell produksjon, og media og design er populære fag, seier Astri Tjelmeland Tverra.

 

Damene er særs nøgde med at det er så mange elevar som er innom messa, og trur absolutt at dei kjem attende til neste år. Dei trekkjer fram lapsskausen til bedrifta, som også er gjennom Ungt entreprenørskap. Bedrifta Antimobb, som vart servert, som eit ekstra pluss.

 

Vil verte industrielektrikar

 

Erik Fresvik (17) er frå Røldal. Han har starta på elektro på vidaregåande i Odda. Det nærmar seg lærlingetida, og han ser for seg ei framtid som industrielektrikar. Han har allereie vore bortom standen til Boliden. Også han kan godt tenkje seg å jobbe i Odda.

 

- Eg vil gjerne forsetje å bu i Røldal, seier Erik.

 

Gitle og Adrian frå gutegjengen. Fotograf: Mari S Hansen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mari Svartveit Hansen

Kalhagen 31 B, 5780 Kinsarvik

Mob: 47620708

[email protected]

(c) Ordsmeden Mari Hansen