Lita bedrift med brei kompetanse
Ordsmeden Mari Hansen

 

Månadens bedrift: Lita bedrift med brei kompetanse

Av Mari Svartveit Hansen

 

HardangerNett har berre tre tilsette, men dei kan tilby brei kompetanse innan IT og telekom.

Me møter dagleg leiar i Hardanger Nett, Sunniva Børve Lund, i fine lyse lokale hjå Odda Energi.

Hardanger Nett tilbyr data- og breibandstenester til private og bedrifter. Odda Energi er hovudaksjonær i selskapet og i tillegg er Tyssefaldene og BKK med på eigarsida.

 

– HardangerNett vart etablert 16. mai 2002 og hadde 10 års jubileum i fjor, fortel Børve Lund.

 

Frå ADSL til Fiber – stabilt og lynraskt nett

 

Selskapet tilbyr internett inntil 20/1 Mbs over ADSL og inntil 100/100 Mbs over fiber. Trass i få tilsette har dei opparbeida seg ein kundemasse på ca. 750 privatkundar og ca. 120 bedriftslinjer.

 

- Hardanger Nett starta med ADSL. Denne teknologien byrjar å bli forelda og er på veg ut. Me har difor snudd fokuset mot framtidsretta kommunikasjonsløysingar over fiberkabel. HardangerNett samarbeider med Odda Energi om å byggje ut fibernett innan Odda kommune. Det har vore ei jamn utbygging til både nærings- og bustadområder dei siste åra, seier Sunniva og poengterar at all utbygging er basert på tilstrekkeleg oppslutnad. Det er førebels bygd 3 fibernodar i området. Fibernettet er basert på at kunden får sin eigen fiber heilt frå sentralen og inn i huset.

 

100 kundar over på fiber årleg

 

- Målsetjinga vår er å få ein årleg vekst på ca 100 nye kundar på fiber i tida framover, seier den daglege leiaren i selskapet. I 2013 blir bustadområda Rødna og Skare dei største fiberprosjekta, i tillegg vil det også bli fleire mindre utbyggingsprosjekt.

 

Innhaldstenesta Altibox – Innhaldspakkar tilpassa ditt behov

 

HardangerNett har valt Altibox, som leverandør av innhaldstenester.

 

Med Altibox samarbeider me med den mest framtidsretta og innovative tenesteleverandøren. Tenestene er svært godt mottatt og Altibox er kåra til ”Best i test” tre år på rad no. Grunnpunktet er stabil og lynrask internett, og kan utvidast med til dømes tv og telefoni, fortel ho vidare. Altibox sin tv-teneste har suveren biletkvalitet, spennande kanal-pakkar og filmleige. Særleg fotball-pakken blir framheva. Altibox har fått fleire nye spennande tilleggstenester siste året, som musikkstreamingstenesta Beat og telefonitenesta Loop. Altibox har nyleg inngått ei avtale med filmstreaming-selskapet Netflix, der Netflix plasserer sine serverar direkte i Altibox sitt nett. Dette gir Altibox-kundar langt betre biletkvalitet enn andre kan oppnå.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

HardangerNett kan tilby ulike produktpakkar tilpassa ulike behov, for eksempel Fritidspakke, Seniorpakke og ikkje minst Bonuspakke til familiebruk.

 

Samarbeidspartnerar og kundeservice

 

HardangerNett har open kundeservice kl. 9-16. Selskapet samarbeider med BKK og Haugaland Kraft om innhaldstenester og Altibox-kundar kan også få kundeservice gjennom Haugaland Kraft mellom kl. 08 00- 20 00. Laurdag kl 10 00-14 00.

 

Brei forståing og fleksible

 

Har de nokre områder som du betraktar, som utfordrande i bedrifta?

 

- Det er utfordrande med få tilsette som må dekkje mange funksjonar. Dei tilsette hjå oss må ha ei brei forståing for det me arbeider med og vera fleksible.

 

Som ein liten lokal aktør med store landsdekkande konkurrentar er me opptatt av å møta kunden på ein god måte. Me får eit nærare forhold til kundane og møter dei igjen i ulike samanhengar utanom arbeidstid. Det forpliktar.

 

Breiare fibertilbod

 

Kor trur du selskapet er om ei 5 års tid?

 

- Då har me eit breiare utbygd fibertilbod og i lag med Odda Energi etablert eit godt fundament for vidare satsing. Det vil nok framleis vera kundar i adsl-nettet, men truleg har dei fleste då fått tilbod om fibertilkopling. Me vonar at det då er grunnlag for 1-2 arbeidsplassar til.

 

Bilde 1 : Sunniva Børve Lund, Anita Bang og Håkon Tverdal (c) Mari S Hansen

 

Bilde 2: (c) Altibox.no

Mari Svartveit Hansen

Kalhagen 31 B, 5780 Kinsarvik

Mob: 47620708

[email protected]

(c) Ordsmeden Mari Hansen