Familie bedrift i medvind
Ordsmeden Mari Hansen

Familiebedrift i medvind

 

Odda Bilsenter har dei siste 10 åra segla i god medvind. Dagleg leiar Nils Elje har alltid føtene godt plassert på bakken sjølv om bedrifta har motteke pris for beste kundetilfredsheit, eller pila peikar oppover på bilsal.

Nils Elje, er andre generasjon leiar ved Odda Bilsenter på Eitrheim. Odda bilsenter, er eigd av Nå Auto Eigedom og Birger Elje. Faren til Nils, Birger starta moderselskapet Nå Auto på Nå saman med Lars M Nå i 1959.

 

Satsar på Volkswagen

 

Dei inngjekk forhandlaravtale med Harald A. Møller AS i 1977. Nå Auto avdeling Odda var då etabler på Egne Hjem i Odda. I 1984 flytte bedriften inn i eigne lokaler på Eitrheim industriiområde. I 1990 vart namnet endra til Odda bilsenter AS. Odda bilsenter har i dag 15 tilsette og driv merkeverkstad, delesal og bilsal av bilmerket Volkswagen personbilar og varebilar.

 

- I 2010 gjorde me ein total rennovering og utvida bygget frå 650m2 til 1200m2. Fordelt på bilsal, verkstad og sosiale rom. Det vil seie at me omtrent dobla kapasiteten, seier Nils Elje.

 

I forbindelse med ombygginga vart også skadeavdelinga lagt ned. Skulle dei fortsett med skade, måtte dei ha investert tungt. Då har dei heller inngått avtale med eit lokalt skadeverkstad. Den nye salshallen er ein av dei fyrste som har fått godkjent VW standard. Det vil seie at møbler, dekor og skilt er etter VW fabrikken sin standard, som er den nye profilen til VW kjeden.

 

Vant pris for beste kundetilfredsheit

 

I august 2010 fekk Odda bilsenter pris for beste kundetilfredsheit.

Den vart henta i Tyskland. Dette var i ein periode der ombygginga var i gang, og dei hadde ikkje utstilling av bilar. Likevel stakk dei av med sigeren.

 

Nils Elje uttalte det slik om utbygginga og sigeren til bladet Motorbransjen i 2011:

 

- Eg er særleg nøgd, når me kan sjå attende på eit fjorår der vi levde på ein byggeplass. Men takka være en utruleg innsats frå dei tilsette kom me i mål. Det er ein ekstra honnør og vinne ei slik kåring framføre så mange skjerpa kollegaer i VW i Norge. Som ein premie til dei ansatte arrangerte me tur til Berlin og ei omvisning på VW fabrikken i Volfsburg.

 

Dobla omsetnaden

 

Dei siste fem åra har me dobla omsetnaden på bilsal. Frå 2008-2011. Ein del kan me nok takka Folgefonntunnellen og Kvinnherad distriktet for.

 

- I ein tøff bransje trur eg ofte kunden vel nærmarknaden og fagleg kompetanse. Folk vel eit merke dei kan reparere på plassen. Folk har betre økonomi i dag og vil ha kort veg til verkstad, seier Nils Elje.

 

Volswagen er det tredje mest solgte merket i Kvinnherad. (tall frå juni 2012) Pr juni 2012 var det solgt 12 Wolswagen i år der. I fjor var det solgt 8 på same tid.

Volswagen er det mest solgte merket pr juni 2012 i Odda. Tala for juni 2012 viser 23 solgte bilar hittil i år, mot 30 i fjor.

I Ullensvang er det også det mest solgte merket. Antall solgte pr juni 2012 er 11 bilar mot 7 i fjor.

 

Problemfritt bilhald

 

- Vår filosofi er å halde kunden med eit problemfritt bilhald. Vi tilbyr erstattningsbilar og me hentar og bringer bilar, seier Elje.

Bilsenteret har mellom anna levert bilar til Ullensvang Herad og Statkraft. Bedriftene i salsdestriktet kjøper ofte bilar her.

Elje trur Jondalstunnellen vil generere meir handel til Odda.

 

- Me har stor tru på Jondalstunnellen og at den vil gje større aktivitet i Odda. Hardangerbrua kan derimot skapa større konkurranse, og mogelegheiter.

 

Fyrste el-bil neste år

 

Kva tenkjer du om framtida?

 

Me skal gje arbeid til flest mogeleg. Fortsetje å vera til stades og topp skjerpa for kunande våre. Til neste år får me vår fyrste El-bil VW Up ! Dette vert svært spennande. Det gjenstår å sjå om kundar i distriktene veljer elektriske bilar. I 2014 kjem folkebilen VW Golf som El-bil.

 

Suksess kan snu

 

Sjølve Volkswagen fabrikken har eit mål om å vera størst og best. Odda Bilsenter har selt bilar som det susar. Likevel er Elje svært audmjuk , han veit at suksessen brått kan snu.

 

-Det er ikkje slik at ein kan ri på ei medvindsbølje heile tida, ein må jobbe for det, seier han.

 

Nils er ikkje typen som soler seg i glansen over eigen suksess. Han veit at slikt for ein ikkje til å skapa åleine.

 

- Suksess er gode medarbeidarar som gjev resultat, seier han framleis audmjuk.

 

Mål om å vera best på bil

 

Likevel må dei ha som mål å vera nummer 1 i distriktet i framtida og. Utfordringane framover ligg framleis i auka konkurranse, og det å klare å drive butikken slik at ein sit att med forteneste til slutt.

 

- Bilane vert stadig meir like, det er ofte vanskeleg å finne store forskjellar. Nærheit til markedet, god kompetanse og det å kunna gje ein god kundeopplevelse er nøkkelen til suksess avsluttar Elje.

 

Bilete: Nils Elje, Odda Bilsenter Fotograf : Mari Svartveit Hansen

 

Mari Svartveit Hansen

Kalhagen 31 B, 5780 Kinsarvik

Mob: 47620708

[email protected]

(c) Ordsmeden Mari Hansen